VMS V300

Strålande nøgde etter eitt år med VMS V300

– VMS V300 er mykje kjappare til å sette på kua, og meir solid, seier Anne Kristin og Arnstein Røyneberg.

DeLaval_Røyneberg i fjøset.jpg

Røyneberg Samdrift

Sola, Norge

Røyneberg Samdrift

TYPE BESETNING

Melkekuer

BESETNINGSSTØRRELSE

60

Eit år med VMS V300 

Ekteparet driv med mjølkeproduksjon i Sola kommune i Rogaland, og var dei første til å sette inn mjølkerobot av typen VMS V300 i Noreg. Dei legg ikkje skjul på at dei var spente på korleis den splitter nye maskinen skulle fungere.

– Det har gått overraskande bra, og ikkje minst er me veldig nøgde med servicen til DeLaval. Dei stiller alltid opp dersom det er noko, og gir ikkje opp før feilen er retta opp, seier Anne Kristin.

Ettersom VMS V300 er den første av sitt slag i Noreg, har serviceteknikarane frå DeLaval hatt fleire opplæringskurs på garden til Røyneberg.

Delaval_Røyneberg med ku.jpg

Etter eitt år: Anne Kristin og Arnstein Røyneberg har hatt mjølkeroboten VMS V300 i eitt år no. Dei er særleg nøgde med kor effektiv, sjølvstendig og robust roboten er.

Etter eitt år: Anne Kristin og Arnstein Røyneberg har hatt mjølkeroboten VMS V300 i eitt år no. Dei er særleg nøgde med kor effektiv, sjølvstendig og robust roboten er.

Roboten gir fridom

I 2008 kom den første mjølkeroboten, ein VMS Classic, til gards. Då stod lausdriftsfjøsen klar, og livet for bøndene blei friare. Ekteparet driv samdrift saman med Bent Ove og Anne Kristin Myklebust. Mjølkekvoten er på 750 tonn.

– Me kunne aldri gått tilbake til å drive utan robot. Det er veldig familievennleg å ha mjølkerobot og ein viktig reiskap i kvardagen, konstaterer ekteparet.

Etter at robot blei ein del av drifta for 11 år sidan er det ikkje mjølkinga som styrer kvardagen. Dei kan leve eit tilnærma normalt familieliv, med selskap og alt som høyrer til.

– Det er fôring av kalvane som styrer oss no, men det kan me planlegge litt meir, seier Anne Kristin.

Det er ikkje mjølkinga som styrer tida til bøndene, men kva tid dei skal fôre kalvane.

Sjef over tida: Det er ikkje mjølkinga som styrer tida til bøndene, men kva tid dei skal fôre kalvane.

Kalvane tek ein siesta mellom måltida.

Rolege dyr: Dyra i fjøset nyt eit avslappa liv. Bøndene Anne Kristin og Arnstein Røyneberg tek det som eit teikn ei nøgd besetning.

Det er roleg i fjøset, og dyra vandrar mellom dei to robotane, fôrbrettet og liggebåsane.

– Me er stolte av produksjonen, og tek det som eit teikn på at dyra har det godt når det er så roleg i fjøset, seier Arnstein.

VMS Classic og VMS V300 syt for at kapasiteten i fjøset er svært god. Då er det ikkje krise om det skjer noko med ein av robotane for ein kort periode.

 Med berre ein robot var me avhengige av å få retta eventuelle feil svært raskt, elles stod dyra i kø og me brukte lang tid på å ta igjen etterslepet, fortel Arnstein.

Betre og meir solid

Alle røktarane favoriserer den nye roboten av typen VMS V300 framfor forgjengaren VMS Classic.

Delaval VMS v300 melkerobot

Effektiv: Alle røktarane i fjøset er veldig nøgde med kor rask VMS V300 er til å sette på kua.

– Maskinen er kjappare å sette på dyra, noko som gjer at dyra ikkje får tid til å bli utolmodige i roboten, seier Anne Kristin. Ho begynte å arbeide fulltid på garden for to år sidan. Arnstein hadde for stor arbeidsmengd med 70 reisedøgn i året for Bondelaget på toppen av gardsdrifta. Anne Kristin la jobben som sosialarbeidar til side til fordel for gardsdrifta, og har ikkje angra på det.

Det er Anne Kristin og far til Arnstein, Eivind Røyneberg, som arbeider mest med dyra. Eivind er 72 år, og aktivt med i drifta så mykje han ynskjer sjølv. Han er også svært nøgd med den nye VMS V300, og har ingen problem med å handtere den nye teknologien. Det er robotarmen og måten maskinen sett på kua han liker best med VMS V300. Han kunne tenke seg ein tilsvarande robotarm på den gamle mjølkeroboten også.

Når kvigene skal lærast opp i roboten blir dei alltid lært opp i den nye VMS V300. Det handlar om at maskinen er kjapp til å sette på kua, og bøndene ser at den fungerer betre for dei ferske mjølkande. Med VMS V300 slepp dei også å lære opp kvigene manuelt.

Hyppig reinhald: Anne Kristin og Arnstein Røyneberg er opptekne av å halde roboten rein. Dei spyler titt og ofte over roboten for å halde det børsta stålet fint.

Hyppig reinhald: Anne Kristin og Arnstein Røyneberg er opptekne av å halde roboten rein. Dei spyler titt og ofte over roboten for å halde det børsta stålet fint.

Teknikk og tempo

– Me var litt skeptiske til den nye teknikken i byrjinga, men det går veldig fint no. Me er jo vanedyr, seier Arnstein.

Knappesystemet er annleis på den nye roboten, og det er ikkje peikeskjerm som på den gamle. Nødstoppen er også annleis. Alle endringane har fungert greitt. Arnstein kan bruke ein app på telefonen til å styre mange av funksjonane i roboten. Det er svært nyttig dersom familien ikkje er heime.

– Roboten er meir solid enn den me hadde frå før. Maskinen er betre oppbygd, og spenemagasinet verkar veldig solid, seier Arnstein.

VMS V300 mjølker 30-40 sekund kjappare enn forgjengaren, og arbeider meir sjølvstendig.

– Maskinen klarer å gjere jobben sin på ein betre måte. I førre månad hadde me berre ei ufullstendig mjølking, og då var det berre ein spene maskina ikkje hadde fått sett på. Det er veldig god statistikk, slår Arnstein fast.

Kvardagane sklir fint hos bøndene på Sola. Etter eitt år med VMS V300 med på laget, kunne dei ikkje tenke seg noko anna. Bøndene held likevel fast på ein ting – den viktigaste faktoren for ei vellukka drift er bonden.

For eit år sida skaffa ekteparet Røyneberg seg ny mjølkerobot. Bondevennen var på besøk tre veker sidan den splitter nye DeLaval VMS300 vart installert. 

 

DeLaval_Røyneberg_fôrbrett.jpg

Me kunne aldri gått tilbake til å drive utan robot. Det er veldig familievennleg å ha mjølkerobot og ein viktig reiskap i kvardagen.

Lær mer

Les lignende historier

Din DeLaval-kontakt

For generelle henvendelser