Endå meir effektiv

Svenn Ove og Margunn Bjørkelo satsa på roterande mjølkestall då dei bygde nytt i 2011. I dag mjølkar dei 50 kyr i timen og besetninga er på 85 årskyr. I juni 2016 monterte dei DeLaval Holdvurderingskamera BCS og oppgraderte anlegget med DelPro™. Den store fjøsen ligg 500 m frå meieriet på Byrkjelo, i Sogn og Fjordane.

Byrkjelo hero.jpg

Framigard

Byrkjelo, Norge

Framigard

TYPE BESETNING

Melkekyr

BESETNINGSSTØRRELSE

85

Vegen vidare etter at dei tok i bruk fjøsen, har ikkje berre vore flat og lettkøyrd. Men med visse grep, som meir og betre grovfôr, betre oppfølging av kviger og større drikkekar har ting endra seg dramatisk. På tre år har ytinga pr. årsku gått opp med nesten 3000 kg EKM, og ligg no på 9 590 kg EKM.

Modernisering og effektivisering

Sommaren 2016 vart mjølkekarusellen oppgradert med BCS holdvurderingskamera og DelPro™ styringssystem. Dette har både servicemontør Kjell Stokke og Svenn Ove Bjørkelo god tru på. Dei får også støtte for dette frå TINE sin foringsrådgjevar som var på plass for å prøve ut DelPro™ då vi var på besøk. – Automatikken kring opp- og nedtrapping av kraftfôrrasjonane blir enklare med Delpro™ enn AlPro™ som var her før, forklarar Kari Sølvberg, produksjonsrådgjevar hos Tine. Sølvberg har følgt utviklinga i fjøsen sidan starten og er sikker på at kraftfôrforbruket vil gå kraftig ned frå dagens 38 kg pr. 100 kg EKM. Ho meiner også at mjølking tre gonger i døgnet er med på å få opp resultatet i fjøsen. Dette har brukarane drive med sidan september i fjor, og har sjølvsagt medført litt andre rutinar og meir tid i fjøsen. – Den siste mjølkinga, rundt klokka 22.00 om kvelden, kan vere litt slitsam til tider. Julekvelden åt vi julemiddag før vi mjølka siste gongen og så vart det pakkeopning etterpå, fortel Margunn Bjørkelo som var den som tok mjølkinga då vi var der. Ho skulle då mjølke i underkant av 80 kyr, noko ho brukar ein og ein halv time på. Karusellen tek 20 kyr i slengen, og ifølgje Svenn Ove så valde dei karusell framfor robot fordi dei då hadde større fleksibilitet i forhold til dyretal. Serviceutgiftene var eit anna moment som talde til fordel for karusellen.

Detaljane avgjer 

I eit så pass stort fjøs som det Svenn Ove og Margunn driftar skal det små avvik til, den eine eller andre vegen, før det blir pengar av det. Og pengar er ein viktig faktor i mjølkeproduksjonen som krev stor innsats, store investeringar og god styring. For brukarane på Byrkjelo har samarbeid med Tine og utstyrsleverandøren DeLaval og Felleskjøpet vore viktig for å optimalisere drifta og produksjonen som nok sleit litt i starten i følgje foringsrådgjevar Kari Sølvberg og Svenn Ove og Margunn.
– Dei hadde for lite grovfôr og kvaliteten var heller ikkje den beste i starten. Etter kvart har dette endra seg og vi har også sett på oppdrettet av kvigene og kalvestellet som ofte kan bli litt forsømt i så store fjøs. Jurhelse er også viktig og den har betra seg mykje, i tillegg har dei no veldig god fruktbarheit. Vi fann også ut at kyrne fekk for lite vatn, så etter at nye og større drikkekar vart monterte har forbruket av vatn auka med nesten tretti liter pr. ku, noko som er mykje, seier Sølvberg som no kan registrere ein auke i produksjonen på 3 000 l på tre år. – Vi har heilt sikkert meir å gå på der, meiner Svenn Ove som med DelPro™ også håpar å få ned kraftfôrutgiftene som i dag ligg på rundt ein million i året. Dette håpar også Margunn på og ho har også i tillegg til mykje anna, også ansvaret for insemineringa som ho ordnar sjølv etter å ha vore på kurs hos Geno. Alt i alt håpar dei to å få betre oversikt og dermed betre styring på det som skjer i produksjonen. Og med betre styring håpar og trur dei også at økonomien i drifta skal bli endå betre. Til akkurat dette får dei samtykkande nikk frå fôringsrådgjevaren som no meir eller mindre kan fjernstyre fjøsen frå kontoret sitt i Stryn, og for eksempel kan gå inn og justere kraftfôrrasjonar.

Service og samhandling

Mjølkekarusellen på Byrkjelo vart i si tid levert av Felleskjøpet Agri ved I-mek seljar Bjørn Tisthamar som no er blitt pensjonist. I hans stad har Vidar Haugland overteke som I-mek seljar i distriktet. Om samarbeidet med DeLaval og Felleskjøpet har dei to mjølkebøndene berre godt å seie. – Kjell Stokke kjem alltid når det er noko som må fiksast og det finst knapt det problem han ikkje kan løyse, skryter dei to. Dei er også godt nøgde med karusellen etter fem års drift og har ikkje angra eit sekund på at dei ikkje valde robot. – Med det dyretalet vi har no, måtte vi hatt to robotar, det hadde blitt ein heilt annan kostnad, seier Svenn Ove som også skryter av den polske gardsarbeidaren Bogdan som har vore på garden i elleve år. Men det er som sagt mange detaljar som skal på plass for at ein så stor mjølkeproduksjon skal fungere og der kjem Tine inn med sine styringsopplegg på fôring og avdrått. – Kari har vore ein god og viktig støttespelar opp i alt, og ho er alltid tilgjengeleg. Når vi no har fått på plass DelPro™, vil også ho få ein enklare kvardag, smiler Margunn og Svenn Ove.

Lær mer

Les lignende historier

Din DeLaval-kontakt

For generelle henvendelser