VMS™ V300

Får ny innsikt i mjølkeproduksjonen med roboten VMS™ V300

– Me har aldri sett oss tilbake, seier Lene og Gaute Haugland. I det splitter nye lausdriftfjøset gir roboten DeLaval VMS™ V300 inspirasjon og auka kunnskap om produksjon av mjølk.

hero_image_Haugland.jpg

Myrvang gard

Time kommune i Rogaland, Norge

Myrvang gard

TYPE BESETNING

Melkekyr og kjøttfe

BESETNINGSSTØRRELSE

27

Haugland på Myrvang gård

 

Myrvang gard ligg på Fjermestad i Time kommune i Rogaland. Drifta er mjølk- og kjøtproduksjon, med ei besetning av rasen NFR. Det er 27 mjølkekyr og 140 kjøtfe på garden.

– Laudriftfjøset stod ferdig 12. august 2019. Så langt er me veldig nøgde med roboten VMS™ V300, seier Gaute.

Ekteparet overtok heimegarden til Gaute for tre år sidan. Han arbeider framleis utanom garden som maskinførar hos Nils Reime Maskin, medan mora hans tek seg av mykje av det daglege stellet i fjøset. Lene arbeider som HR-rådgivar hos Halliburton.

– Me ønska at mor skulle få halde fram med å ha arbeidsplassen sin på garden. Samstundes var det ei økonomisk avgjer at me begge arbeider nokre år til utanom garden, for å finansiere byggeprosjektet, forklarer odelsguten.

Det langsiktige målet er at Gaute skal trappe ned på arbeidet som maskinførar når det er økonomisk rom for det.

VMS V300

Bøndene har friska opp fjøset med DeLaval sin blåfarge.

Lettare liv med robot

– Eg er frå byggefelt, og sa før at eg aldri skulle bu på gard. Det er ein livsstil å bu på gard. Det er annleis, men veldig sosialt og kjekt, seier Lene.

Same dagen som paret fekk vite at dei venta tvillingar signerte dei avtale med Felleskjøpet om å bygge lausdriftfjøs med robot. Hos Felleskjøpet har seljar Tomas Bårdli sørga for svært god oppfølging og rettleiing gjennom heile byggeprosessen.

Lene og Gaute ser at roboten gir meir rom for fleksibilitet i kvardagen. Noko som kjem godt med når ein har små barn.

– Eg ser også at roboten gir ein helsegevinst i form av lettare fysisk arbeid, og mindre fysisk slitasje på røktaren, seier Lene.

Bøndene på Myrvang gard meiner det var avgjerande å oppgardere bygningsmasse og driftsform for å vere med som mjølkeprodusentar inn i framtida.

– Det var ein draum å få moglegheita til å bygge lausdriftfjøset. Me fekk prosjektet til å gå opp økonomisk ved hjelp av støtte frå Innovasjon Norge, fortel Lene.

Paret har ikkje angra på at dei greip sjansen, og ser mange fordelar med den nye kvardagen.

– Den største fordelen er fleksibiliteten som roboten gir oss. Det nye fjøset er mykje trivelegare, og det er lettare å ha med ungane når me skal arbeide i fjøset, seier dei to.

Lene tek seg av det meste av papirarbeid som kjem med drifta. Ho blir inspirert av all informasjon og analyse ho kan hente ut frå VMS™ V300.

 Ku på Myrvang gard

Planla beite i byggeprosessen

– Me hadde fokus på at dyra skal få vere ute i beitesesongen, og planla plassering av det nye fjøset slik at det ligg like ved dyrka mark, seier Gaute.

– Det er nok lurt å ta med beiteopplegg i planlegginga av eit nytt bygg, legg Lene til.

I sommarhalvåret står porten til fjøset open, og dyra kan gå inn og ut som dei vil. Det er lagt opp til spreitt kalving gjennom året, og mjølkeflyten i drifta er jamn. Då slepp dei at det vert arbeidstoppar, og utfordringar i forhold til plassmangel.

Mjølkekyrne beiter på to skifter, og har to drikkekar tilgjengeleg på beite. Dersom det er behov for større beite kan dei utvide området.

Etter at paret overtok garden har dei erfart svært ulike slåtteforhold. Det første året var sommaren svært fuktig og andre året var det alt for tørt. 2019 har vore eit meir optimalt år når det gjeld slåtteforhold, og håpet er at dei er om lag sjølvberga når det gjeld grovfôr i år.

 

Celletal og forbehandlingskopp

– Me er svært nøgde med forbehandlingskoppen, og ligg heilt i botn når det gjeld celletal, fortel Gaute.

I oppstarten nytta dei dobbeltvask på kyrne for å sikre god hygiene. Dette fordi dyra ikkje heilt hadde funne ut av liggebåsane i starten, og skitna seg meir ut.

– Alt har fungert som ein draum. Ytinga har gått opp etter at kyrne flytta inni lausdriftfjøset, opplyser bøndene.

Målet er å ligge i det øvre sjiktet når det gjeld mjølkeyting. I 2019 fyller dei kvoten med god margin, og har difor bremsa produksjonen noko. Men frå neste år har dei fått leige meir kvote, og skal produsere 270 tonn mjølk i 2020.

– Det gjeld å ha godt grovfôr for at dyra skal produsere optimalt. Då gjeld det å treffe på slåttetidspunkt og gjødsling, erfarer Gaute.

 Haugland

 

Kunnskap og produktval

Lene ynskjer å vere aktivt med i drifta på garden, slik at dei som par kan diskutere drift og løysingar. På jakt etter meir kunnskap og innsikt gjekk paret på Vinterlandbruksskulen på Jæren saman.

– Det var veldig nyttig å gå på Vinterlandbruksskulen. Der fekk eg lære mykje. No forstår eg bransjen og tidsbruken betre. Ikkje minst fekk eg knytte kontaktar i landbruksmiljøet, seier Lene.

Ho var nok den ivrigaste pådrivaren for  å bygge nytt lausdriftfjøs på garden. Lene er imponert over overgangen til nytt driftsopplegg, og ser stor verdi av gode hjelpemiddel i kvardagen.

– Det er imponerande kor raskt og effektivt VMS™ V300 finn spenen første gongen ei ku er i roboten til mjølking. Dette har gått over all forventning, seier ho.

I overgangsfasen frå båsfjøs til lausdrift brukte dei om lag tre dagar på gradvis tilvenning. Etter ei til to veker var det slutt på å jage kyr til roboten. For at kyrne skulle venne seg godt til roboten fekk dei i starten kraftfôr i roboten, også utanom mjølking.

No ser fjøsfolket på Myrvang gard fram til at den nye skraperoboten frå DeLaval kjem på plass.

– Det har heile tida vore planen at me skulle ha skraperobot, men det var også eit poeng for oss å følgje budsjettet. Difor venta me med kjøp av skraperobot til det var økonomisk opning for det, seier Gaute.

I fjøset har dei også montert DeLaval sine lys og DeLaval sin kraftfôrstasjon.

sitat.jpg

Det er imponerande kor raskt og effektivt VMS™ V300 finn spenen første gongen ei ku er i roboten til mjølking. Dette har gått over all forventning!

Lær mer

Les lignende historier

Din DeLaval-kontakt

For generelle henvendelser