VMS™ V310

Nytt fjøs med ny Robot gir friare kvardagar

Hilde Turid og Magne Hebnes har investert for framtida. Med roboten DeLaval VMS™ V310 godt plassert i det nye lausdriftfjøset er framtidsplanane til odelsguten sikra.

magne_magnus_forbrett_2.jpg

Kindingstad

Finnøy, Norge

Kindingstad

TYPE BESETNING

Melkekyr

BESETNINGSSTØRRELSE

55

Julestjerne Hebnes

Foto: Utsikten fra loftstua i fjøset

Dei viser veg inn i eit lyst fjøs der den splitter nye roboten av typen DeLaval VMS™ V310.

VMS™ V310 mjølker ei av NRF-kyrne i besetninga på 40 trivelege kyr. Denne roboten er VMS™ nummer 200 i Norge som er seld av DeLaval.

– Dyra flytta inn for to månadar sidan. Me har investert for å gjere kvardagen lettare, fortel Magne.

Frå loftstova i fjøset har han full oversikt over både robot og fôrbrett. Dei er framleis i ein innkøyringsperiode og har ikkje fått tatt i bruk alle ekstraopplysningane får roboten som har mjølkesystem VMS™ V310. Roboten tek prøve av feittprosent i mjølka, som blir sendt til meieriet.  Eit holdkamera sjekkar holdet på kyrne. Dei vil ha dette kameraet for å sikre optimal fôring.

Bonden ser mange fordelar med overgangen frå båsfjøs og manuell mjølking til lausriftfjøs og robotmjølking. Oversikt over brunsten til kyrne er eit av punkta.

– Tidlegare har eg berre følgt med sjølv når dei er brunstige, no får eg hjelp frå roboten til den jobben. Roboten sjekkar både brunst og drektigheit, seier Magne.

Roboten måler hormonforandringar i mjølka, og gjer jobben til bonden lettare. Magne er viss på at han vil vinne på denne investeringa i form av enklare rutinar kring brunst og drektigheit, men også økonomisk.

Ku_Magne Hebnes.jpg

Friare kvardag

Tett på havet ligg garden til Hilde Turid og Magne på øya Finnøy, nærare bestemt Kindingstad. Her har dei bygd opp ei drift og ein arbeidsplass. Magne vil ikkje seie at lausdrift er den beste driftsforma for alle, men for han har det vore eit viktig og rett steg. Det representerer friare kvardagar, men mest av alt gjer denne driftsforma at han kan arbeide som mjølkebonde utan sjukemelding.

– Eg har utfordringar med ryggen. Då eg mjølka i båsfjøset hadde eg utfordringar med å sette på mjølkemaskina, og måtte leige mykje arbeidskraft på grunn av helsa. Eg meiner roboten gjer slitasjen på helsa til bonden mindre, seier den erfarne bonden.

Ku i VMS V310

Foto: Roboten DeLaval VMS V310 nummer 200 i full sving.

Han ser også at ein robot i fjøset gir eit friare liv.

– Arbeidsmengda er ikkje mindre, men me er ikkje så låst til faste tidspunkt for mjølking. Dette gjer at me til dømes kan delta i sosiale aktivitetar på ettermiddagar og kveldstid på ein annan måte enn før, seier Magne.

Leikande lett innkøyring

Ved si side har Magne sonen Magnus Hebnes. Han arbeider som snekker, men er også aktivt med i drifta på garden.

– Innkøyringa i lausdriftfjøset har gått glimrande. Me tok kyrne rett inn, og etterpå har det gått av seg sjølv, fortel Magnus.

– Me hadde mange idear til korleis me skulle introdusere kyrne for det nye fjøset, men på grunn av praktiske utfordringar for vår kontakt hjå Felleskjøpet blei innflyttinga i det nye fjøset framskynda. Me slapp kyrne rett inn, og morgonen etter hadde dei første kyrne gått gjennom roboten sjølv, fortel Magne.

Fjøset er konstruert med ei bru som går over roboten og fører til loftstova der bonden har både datamaskin, kaffikopp og full oversikt. Frå brua kunne han studere korleis kyrne nærma seg roboten utan å forstyrre dei. Frå mobilen kan han styre kraftfôret som blir gitt i roboten. I starten stod han klar med mobilen og trykka på knappen som gir kraftfôr inne i roboten. Dette gjorde han då kyrne nærma seg roboten, og dyra gjekk inn.

– Me lokka kyrne som ikkje gjekk i roboten av seg sjølv dei første to dagane. Etterpå gjekk alt av seg sjølv, fortel Magne.

Framtidsplanar med generasjonsperspektiv

Det tek tid å reise eit nytt fjøs og driftsopplegg. På denne garden har prosessen teke heile 6 år. Då dei fekk bekrefta frå Innovasjon Norge at dei fekk stønad på 1,7 millionar til investeringa blei planane sett ut i livet. Før det endelege valet om investering blei fatta måtte Turid og Magne avklare om nokon av barna ønska å overta garden. Magnus er ikkje den første i odelsrekka, men etter dialogar i familien var dei alle samde om at han var den rette odelsguten.

– Han har vore med sidan han kunne gå, og alltid spurt om å få mjølke, hugsar faren.

– Det har alltid vore interessant med mjølkeproduksjon. Eg ønsker er framtid der eg kan styre eigen kvardag, og ser at det er mogleg med mjølkeproduksjon. Eg liker også at eit yrkesliv som bode gir varierte oppgåver og dagar, seier sonen.

Faren gler seg over eit blømande landbruksmiljø i nærområdet, og har bygd det nye fjøset slik at det skal gjere vala i framtida enklast mogleg. Bygget står mellom anna inntil det gamle fjøset men likevel fritt, slik at det i framtida er mogleg å fjerne den gamle driftsbygningen dersom det vert aktuelt. I dag nyttast den til ungdyr, kviger, gjeldkyr og stutar.

Dyrevelferd og trivsel

Bøndene her på garden er opptekne av trivsel både for folk å fe. Roboten frå DeLaval føyer seg inn i ei rekke av fleire blåe produkt. Børsten er svært populær blant kyrne, og innreiing og måkerobot er frå DeLaval. Dette er produkt som sparer både tid og gjer arbeidet lettare.

– Me ser at kyrne trivst i det nye fjøset, og det viser også igjen på mjølkemengda. Dei har auka produksjonen med 8-10 kilo mjølk på same fôrmengd i det nye fjøset, opplyser Magne.

Han har drive garden sidan 1990, og har nok erfaring til å vite at det ikkje finst noko fasit for driftsform og løysingar.

– Gardsbruka er ulike, og det som fungerer for ein bonde treng ikkje fungere for ein annan. Dette opplegget fungerer veldig godt for oss. Me har lagt investeringar i roboten, medan me har gått for enklare løysingar når det gjeld fôringa. Det ser me som det mest praktiske og økonomiske for oss, seier Magne.

Kvoten på garden er auka frå ein kvote på 180 tonn til 400. Gjennom fleire år har dei kjøpt inn kalvar, og jord til grovfôrproduksjon er leigd for å rigge seg til denne veksten. No ser dei med spenning fram mot sommaren og beite sesongen. Planen er at kyrne skal beite like utanfor fjøset.

 

High resolution-Julbild 4.jpg

Me har investert for å gjere kvardagen lettare

Lær mer

Les lignende historier

Din DeLaval-kontakt

For generelle henvendelser