VMS™ V300

Nøgd kunde av DeLaval gjennom generasjonar

Dei kan nemne ein drøss av blå produkt: skraperobot, lys, kalvehytter, kalvedekken, mjølketank, kalvekjøkken og flugefangar. Då Sven Martin Ånestad og Anja Braut skulle ha mjølkerobot var DeLaval sin VMS™ V300 eit heilt naturleg val.

Hero.jpg

Volden Gard

Bore i Klepp kommune i Rogaland, Norge

Volden Gard

TYPE BESETNING

Melkekyr

BESETNINGSSTØRRELSE

38

– Far har alltid nytta DeLaval sine produkt og tenester. For oss er dette merkevalet tradisjon. Vårt gamle mjølkesystem hadde same merkelapp. Me er avhengige av god service, og er svært nøgde med serviceapparatet til DeLaval, seier Sven Martin.

Ånestad i Fjøset

Dei starta drifta i det nye lausdriftfjøset med mjølkeroboten VMS™ V300 11. april 2019. Det gamle fjøset var også eit lausdriftsopplegg, men kapasiteten var sprengt i fjøset med mjølkegrav og ein 2*2-tandemstall.

– Me har ressursgrunnlag på garden til å utvide drifta, og skal fylle ein kvote på 271.000 liter i 2020, opplyser Sven Martin.

Garden som ber namnet Volden, ligg på Bore i Klepp kommune i Rogaland. Besetninga er av rasen NRF. Dei har 38 mjølkekyr. Utanom mjølkeproduksjon har dei også kjøtfe på garden. Totalt er det 111 storfe på garden, av desse er 31 stutar. Anja og Sven Martin overtok garden for fem år sidan. Sven Martin har full jobb utanom garden som maskinførar hos Gunleif Borsheim. Med seg i drifta har paret foreldra til Sven Martin. Med fire røktarar får dei kvardagen med jobb, barn og fjøs til å gå opp.

Kuer VMS V300

Kalv_Ånestad.jpg

Knirkefri overgang

– Overgangen til VMS™ V300 har gått veldig godt. Me jaga nokre dyr til roboten dei første to vekene. Etterpå har det gått knirkefritt, og nye kviger vert mjølka problemfritt i roboten, fortel Sven Martin.

Røktarane var litt skeptiske til korleis kyrne skulle reagere på den nye roboten, som lager litt meir lyd enn mjølkesystemet dei nytta før. Men dyra står heilt stille medan roboten effektivt og med stor treffsikkerheit gjer jobben sin .

Ku i VMS V300

– Me er veldig imponert over kor treffsikker roboten er når den sett på spenane, understrekar Anja og Sven Martin.

Like etter kalving mjølker dei likevel på spann dei første fem dagane. Dette fordi dei opplever at ein del av råmjølka forsvinn i røyra om dei mjølker kua i roboten. Kalvingsopplegget er spreitt, og kua går med kalven dei første fem dagane.

Kalvekjøkken

– Roboten gir oss ein heilt anna fleksibilitet i kvardagen, til å køyre barn på fotballtrening og andre aktivitetar. Me bruker nok same mengde tid i fjøset, men er ikkje så bundne til faste tidspunkt, seier Anja.

Ho merkar stor skilnad på kvardagen før og etter roboten VMS™ V300.

Nytt fokus i fjøset

– Forbehandlingskoppen på robot VMS™ V300 fungerer svært bra, og celletalet hos oss er lågt, opplyser Sven Martin.

Ettersom roboten tek seg av sjølve mjølkinga har røktarane meir tid til anna stell i fjøset.

– Det nye driftsopplegget er endå meir dyrevennleg, men krev at me held det reint og at kyrne får klippa jura. Me skraper mellom annan liggebåsane kvar dag, fortel Anja.

Når det gjeld beitesesongen har kyrne tilgang til beite like utanfor porten.

– Me planla retning og plassering av fjøsbygningen med tanke på korleis et det var mest praktisk å få dyra ut på beite, seier Sven Martin.

Målet deira då dei skulle bygge nytt fjøs var å ta minst mogleg dyrka jord til bygningen, og få eit godt beiteopplegg for kyrne.

– Me vekslar mellom to beiter, og kyrne har tilgang på to drikkekar på beita, opplyser paret.

 

Nok fôr og passe yting

Dei legg graset i tre tårnsiloar på garden, og ballar graset som ikkje får plass i siloane.

– Me har hatt meir enn nok fôr. Tidlegare har me seld rundballar eller leid ut noko av jorda. Der ligg også grunnlaget for at me vil utvide mjølkeproduksjonen framover, seier Sven Martin.

Når det gjeld yting er det vanskeleg for paret å seie noko om overgangen til robot, ettersom tidsrommet dei har drive med robot er såpass kort.

Deira største argument for robot er kjensla av fleksibilitet. Dei må ikkje ver i fjøset på eit bestemt klokkeslett kvar morgon og kveld. Dei faste mjølketidene er det ingen av dei fire røktarane på garden som saknar.

 VMS V300

 

 

Quote.jpg

Me er veldig imponert over kor treffsikker roboten er når den sett på spenane!

Lær mer

Les lignende historier

Din DeLaval-kontakt

For generelle henvendelser